Quantcast
Channel: A-L nyeste emner
Viewing all articles
Browse latest Browse all 353

Innbillt svangerskap eller the real deal

$
0
0

Som så mange andre i DPO-land byrjar eg å verte litt smågal og kjenne at tida går ulideleg sakte. Derfor denne dagboka, her blant alle dei andre crazy damene ;)

 

Litt om meg og oss. Eg er 30 og mannen 34. Vi har ein son ifrå før av som no er eitt og eit halvt år, og som vart til på fyrste forsøk. Sist hadde eg ikkje trua på at vi skulle verte så raskt gravide, og var overbevist om at vi ikkje hadde truffe EL den månaden. Derfor hadde eg heller ikkje noko forventingar og tida fram til IKM gjekk raskt av seg sjølv. Hugsar sjokket når eg tissa på testpinnen og byrja å sjå ein strek var stor, og at eg frenetisk byrja å leite fram bruksanvisinga for å sjå om tolkinga faktisk tilsa ein beibis i magen. 

 

Slik er det ikkje denne gangen. 

 

Det som gjer denne voldsomme forventinga litt rar er at vi skulle egentleg ikkje verte prøvarar heilt enno. Eg har hatt lyst, men mannen min ville vente slik at ny baby kom til verda når huset vårt var ferdig bygd. Dvs at vi skulle byrje å prøve etter nyttår. Men så har det vorte ei forseinking i husbygginga og plutseleg vart bror til mannen min gravdid med nr 2. Dermed vart mannen meir interessert i å berre la vere å kjøpe dei kondomane som vi hadde planlagt å kjøpe og køyre på. Dette kom vi fram til for 10 dagar sidan. 

 

For ei veke sia var eg midt i syklus og fekk teikn på eggløysing. Om morgonen merka eg EL-slim, på kvelden hadde vi oss, og morgonen etter hadde eg ei lita spotting på papiret. Håpet og forvetningane i meg var dermed tent til det fulle.

 

Sia hadde eg ei lita spotting 4 dpo samtidig som det verkte i mage og korsrygg, kunne det vere festeblødning?? Eller var berre teikn på TR tidleg og at syklusen min framleis er ute og køyre?...

 

Når eg då idag (6dpo) i tillegg vart litt småkvalm og uggen, steig forvetningane ytterlegare. I forrige svangerskap var eg småkvalm frå veke 4/5-7, og slapp heldigvis å spy.

 

Som sagt, eg er på veg til å verte litt gal, og trur alt er teikn på at vi traff blink på fyrste forsøk igjen. Men det går vel ikkje ann?

 

Vonar tida kan byrje å gå litt raskare framover og at eg får behov for den graviditetstesten som ligg i nattbordsskuffa. Eg har ingen planar om  å verte ei testetøs, for 135 kr får den jammen det kun brukast til å vise to blå ;) 

 

 


Viewing all articles
Browse latest Browse all 353


<script src="https://jsc.adskeeper.com/r/s/rssing.com.1596347.js" async> </script>